” Livet er ikkje som på film, men kva om det er filmen som skaper livet?”

Min STØRSTE medieoppleving- filmen som forandra livet mitt. Ja, du lurer sikkert på kva film eg snakkar om… Cinema Paradiso- ingen over, ingen vedsiden av.  Det er ingen film som har rørt meg så djupt før. Filmen er rett og slett fantastisk! Og er du ein ekte filmentusiast, og enda ikkje har fått med deg denne filmen? Ja, da har du noko å glede deg til! Det er ein varm, koselig og hjartegripande film.

Det er historien om kjærleik til filmen, og den djupe sorg over tapt kjærleik mellom to menneske. Barndommens magiske verd byttast ut med utfordringar i vaksenlivet. Men kvar vart det av den ekte kjærleiken, som han sjølv ofte skapar på film? Er livet bare tomheit utan den rette? Eller er kjærleik til filmen høgare enn alt anna? Alfredo seier at livet er ikkje som på film, men kva om det er film som skapar livet?

Cinema Paradiso tek oss med tilbake til ein siciliansk landsby i 1950- åra. Filmen begynner i Roma, der vi møter hovudpersonen som vaksen filmregissør. Han er ein velståande og attraktiv mann, men biletuttrykket fortel noko anna. Det har gått 30 år sidan han forlet Sicilia. Og han har ikkje vore der etter det.

Ein dag ringjer mora for å fortelje at den gamle kinomaskinisten fra landsbyen der han voks opp, er død. Alfredo var både bestevenn  og ein slags farsfigur for Salvatore, også kalla Toto, og kinoen var den andre heimen hans. Alfredos død vekkjer gamle minner. Salvatore minnast sin eigen oppvekst i landsbyen på Sicilia.

Vi møter den vesle guten som bur åleine med mora- og saknet etter faren som aldri kom heim att frå den andre verdskrigen. Kinoen vert Totos andre heim, og han tek i bruk mange ’über’ søte småtriks for å få vere saman med Alfredo på jobb. Der kan han sjå filmar gjennom kikehòlet i maskinrommet, han kan finne sensurerte bilete frå filmrullane og lære seg løyndommane til filmframvisaren.

Toto opplever korleis filmmagien pregar alle som bur i landsbyen. Korleis kinosalen verkeleg er midtpunktet og ”Paradiso” i livet. Alfredo er på ein måte trollmannen. Han gir dei ein draum. Så ein dag brenn kinoen, og Alfredo blir hardt skadd. Toto og den nyrike mannen i landsbyen er dei som reddar innbyggjarane frå ei kinolaus framtid.

Filmen handlar først og fremst om forholdet eller vennskapen mellom Alfredo og Toto. Men han viser også eit tidsbilete av Italia i 1950-åra, før fjernsynet kom. Den gongen då kinoen var møtepunktet for røyndomsflukt og kvardagsliv.

Som sagt.. Cinema Paradiso er ein vakker, men trist og tragisk film med ein pessimistisk bodkap om tapt kjærleik. Bileta i Cinema Paradiso er utrulig vakre, og musikken ligger delikat over bileta som eit stemningsforsterkande element. Dette er vakkert å svelge!

En utrulig vakker film, men samtidig så utrulig trist. Kjærleiken og varmen strøymer ut.

KJELDER:
-«Mediekommunikasjon 2»  Ødegård, Siri

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: